Tur til Klatreparken på Tryvann

LIK gjentar suksessen frå i vår, og inviterer på nytt til tur til Oslo sommerpark søndag 9.september?

I klatreparken kan du utfordre deg sjølv med både høgde, styrke og balanse – samtidig som du kan nyte utsikten den fine naturen byr på. Det finst løyper i alle vanskelighetsgrader, så her er det noko for alle☺️ sjå http://www.oslosommerpark.no/om-klatreparken-oslo-sommerpark for meir om parken!

Turen blir søndag 9.september og oppmøte blir kl10 ved Rikshospitalet. Vidare tar me t-banen til Voksenkollen, slik at me er der til før elleve. Ta med eigen nistepakke, så stiller LIK med litt snacks attåt?

Pris blir 200kr per stykk (375kr til vanleg!)

For påmelding trykk på denne linken: https://skjema.uio.no/101794
OBS! Påmelding er bindande då me må booke på forhånd. Påmeldingsfrist er seinast 2.september.